Stiftinga sitt namn er Sparebankstiftinga Etne. Stiftinga sitt forretningskontor er i Etne kommune
Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskapi Sparebanken Vest. Stiftinga skal i tilleggplassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut fråomsynet til tryggleik, risikospreiing, likviditet og avkastning.
Stiftinga skal disponereoverskot og gje bidrag til ålmennyttige føremål.Ved deira disposisjonar skal stiftinga førstog fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegareEtne Sparebank.
Ved verksemda si skal stiftinga gjennom eigarskapen sin iSparebanken Vest og vidareføring av sparebanktradisjonane sikra eit godtregionalt forankra banktilbod i Etne. Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ei kvar tid fylgjer av regelverket for sparebankstiftingar.
Stiftinga vert skipa med 2.398.146 eigenkapitalbevis kvar lydande på NOK 25 i Sparebanken Vest og eit kontantbeløp på NOK 53.656.621millionar. Stiftinga sin grunnkapital er NOK 150 millionar.
Stiftinga kan motta ytterlegare midlar utover avkastning på stiftinga sin kapital etter samtykke frå styret i stiftinga. Avgjerd om at slike midlar skal leggast til grunnkapitalen, vert teken av generalforsamlinga. Stiftinga kan ikkje motta midlar dersom det er knytt vilkår til disponeringa som ikkje er i samsvar med stiftinga sitt føremål.
Stiftinga kan ikkje utferda eigenkapitalbevis, men kan ta opp lån i samsvar med dei rammer som til kvar tid går fram av regelverket for sparebankstiftingar.
Stiftinga skal ha generalforsamling, styre og valkomité. I tillegg kan stiftinga tilsetje ein dagleg leiar.
Generalforsamlinga skal ha 7 til 9 medlemer og 1 til 3 varamedlemmer. Generalforsamlinga si samansetning skal spegla kundestrukturen i Etne Sparebank som skipa stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytt til sparebankstiftinga si verksemd.
Medlemene og varamedlemene skal veljast av og blant innskytarar med bustadadresse i det som var Etne kommune før kommunereforma i 1965, og som dei siste 6 månadene før kunngjeringa av valet har hatt innskot i Sparebanken Vest over eit bestemt beløp som vert fastsett av styret i stiftinga. Ingen innskytar kan gje meir enn ei stemme.
Valet skal førebuast av valkomiteen og organiserast av styret i stiftinga. Valet skal kunngjerast seinast 14 dagar før valet skal finne stad, og elles slik styret avgjer. Valet kan gjennomførast elektronisk eller på annan forsvarleg måte etter styret si nærare avgjerd.
Medlemer og varamedlemer av generalforsamlinga vert valde for 4 år. Inntil halvparten av medlemene og varamedlemene er på val annankvart år. Det vert avgjort ved loddtrekning kva medlemer som skal tre ut først, og deretter dei som har gjort teneste lengst. Vala til generalforsamlinga skal gjennomførast innan utgangen av april månad. Attval kan finne stad.
Generalforsamlinga vel sjølv leiar og nestleiar. Val av medlemer eller varamedlemer til generalforsamlinga skal skje innanfor den til kvar tid gjeldande lovgjevinga. Medlemer og varamedlemer av generalforsamlinga må ikkje ha styreverv eller vera tilsette i selskap som konkurrerer med Sparebanken Vest. Dersom noko medlem i løpet av funksjonstida kjem i ein slik situasjon, kjem eit varamedlem inn i vedkomande sin stad. Dersom ein varamedlem kjem i nemnde situasjon, går vedkommande ut som varamedlem.
Første ordinære val til generalforsamlinga vert gjennomført i samband med ordinær generalforsamling i stiftinga året etter opprettinga av stiftinga. Ved opprettinga av stiftinga vel generalforsamlinga i Etne Sparebank medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga.
Innan 1. juli kvart år skal stiftinga gjennomføra ordinær generalforsamling, første gong i 2023. Generalforsamlinga vert gjennomført der stiftinga har forretningskontor. I den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast:
1. Val av leiar og nestleiar av generalforsamlinga
2. Val av styremedlemar
3. Val av medlemer til valkomité
4. Fastsetja godtgjersle til medlemmer av generalforsamlinga, styret og valkomiteen
5. Val av revisor og fastsetjing av revisor si godtgjersle
6. Føra tilsyn med stiftinga si verksemd
7. Godkjenning av årsrekneskap og årsmelding
8. Vedta etter forslag frå styret, bruk av året sitt overskot, herunder kor stor del av året sitt overskot som skal brukast til gåveføremål
9. Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga som saksførebuande,rådgjevande eller avgjerande organ.
I tillegg skal generalforsamlinga etter forslag frå styret handsama:
10. Endring av stiftinga sine vedtekter
11. Vedta omdanning av stiftinga
12. Forvalting av stiftinga sine midlar i samband med omdanning av Sparebanken Vest til aksjebank/allmennaksjebank, fisjon av banken og avhending av ein vesentleg del av Sparebanken Vest si verksemd
13. Oppløysing av stiftinga
Generalforsamlinga vert innkalla av styret. Ved kjent forfall vert varamedlemer kalla inn.
Styret kan avgjera at det skal kallast inn til ekstraordinær generalforsamling. Styret skal kalla inn til ekstraordinær generalforsamling når revisor eller minst 2 medlemer av generalforsamlinga skriftleg krev det for å få handsama eit bestemt oppgitt emne.
Innkalling til generalforsamling skal innehalde opplysningar om tid og stad formøtet, og dei saker som skal handsamast på generalforsamlinga. Innkalling til generalforsamling skal sendast seinast 14 dagar før generalforsamlinga.
Eit medlem av generalforsamlinga har rett til å få handsama ei sak meldt skriftleg til styret innan ei veke før møtet i generalforsamlinga vert halde.
Kvar einskild medlem av generalforsamlinga har ei stemme i generalforsamlinga.
Generalforsamlinga kan ta avgjerd når minst 2/3 av medlemene er til stades. Ei avgjerd av generalforsamlinga krev simpelt fleirtal av dei avgjevne stemmene om ikkje anna er fastsett i lov eller vedtekter. Avgjerder som nemnd i punkt 10 til 13 krev tilslutnad frå minst 2/3av alle medlemane av generalforsamlinga. Avgjerd om oppløysing og om å endra vedtektene skal leggjast fram for rette styremakter for godkjenning.
Styreleiar skal møta på generalforsamlinga. Dei andre styremedlemene og dagleg leiar har møterett.
Det skal førast protokoll over forhandlingane. Protokollen skal underskrivast av møteleiaren og to andre personar som vert peika ut av generalforsamlinga mellom dei som er til stades.
Stiftinga skal ha eit styre på 3 til 5 medlemer og 1 varamedlem.
Styret skal ha det mynde og ansvar som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga og desse vedtektene.
Styremedlemmer, inkludert styreleiar, vert valde av generalforsamlinga for to år om gongen.I første periode tenestegjer halvparten i 1 år. Attval kan finne stad.
Samansetjinga av styret skal reflektera samansetjinga av dei gruppene som har stemmerett på generalforsamlinga. Medlemer og varamedlemer av styret skal fylle dei krav som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga.
Ved første val vert det sitjande styret i Etne Sparebank vald som styret i stiftinga, med unntak av dei tilsette sine representantar.
Medlemer og varamedlemer av styret må ikkje ha styreverv eller tilsetjing i selskap som konkurrerer med Sparebanken Vest eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Vest. Dersom noko medlem kjem i ein slik situasjon i løpet av funksjonstida, kjem varamedlem inn i vedkomande sin stad dersom det er oppnemnt varamedlemer, elles vert det gjennomført suppleringsval. Dersom det er varamedlem som kjem i nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem.
Styret forvaltar stiftinga sine midlar eller fastset nærare retningsliner for dette. Styret skal sjå til at stiftinga sine midlar vert forvalta i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2, og at verksemda er i samsvar med dei til ei kvartid gjeldande reglar og stiftinga sine vedtekter.
Styret står for utdeling av gåver innanfor dei rammer som er bestemt av generalforsamlinga om bruk av året sitt overskot. Styret kan overlate til generalforsamlinga å ta avgjerd om utdeling til enkelte gåveføremål.
Styret skal handsama saker i møte med mindre styreleiar finn at saka kan handsamast skriftleg eller på annan trygg måte. Dersom det er tilsett dagleg leiar, skal dagleg leiar møte i styremøta.
Styreleiar skal syta for at styremedlemene så vidt mogeleg kan delta i ei samla handsaming av dei saker som blir handsama. Kvart medlem og dagleg leiar kan krevje at saken blir handsama i møte. Dersom ei sak skal handsamast i møte, avgjer styreleiar møteform. Meir enn halvparten av styrets medlemer kan likevel krevje at møtet blir helde som fysisk eller elektronisk møte.
Styreleiar skal syta for handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret. Styremedlemene kan krevja at styret handsamar bestemte saker. Styrehandsaming skal varslast på føremålstenleg måte og med rimeleg frist.
Styret kan ta avgjerd når meir enn halvparten av medlemene deltek i styrehandsaminga. Styret kan likevel ikkje ta avgjerd utan at alle styremedlemene, og ved kjent forfall eventuelle varamedlemer, så vidt mogeleg er gitt høve til å delta i handsaminga av saka.
Ei avgjerd av styret krev at eit fleirtal av dei styremedlemene som tek del i handsaminga av ei sak, har stemt for. Ved likt stemmetal gjeld det som styreleiar har stemt for. Er styreleiar ikkje til stades, gjeld det som møteleiaren har stemt for. Det skal førast protokoll over styrehandsaminga.
Eit styremedlem må ikkje ta del i handsaming eller avgjerd av spørsmål som har slik særleg betyding for eigen del eller for nokon nærståande, at medlemet må seiast ha en framtredande personleg eller økonomisk særinteresse i saka.
Eit styremedlem kan heller ikkje ta del i sakshandsaminga eller avgjerda når vedkomande eller nokon nærståande har stilling eller tillitsverv i ein privateller offentleg institusjon, organisasjon eller eit føretak som har økonomisk eller anna framtredande særinteresse i saka, eller når vedkomande i slik eigenskap tidlegare har teke del i handsaminga av saka. Ved offentleg stilling eller verv er vedkomande likevel ikkje inhabil i saker som gjeld disponering av midlar til fordel for det offentlege.
Dagleg leiar, styreleiar eller to av styrets sine medlemer i fellesskap teiknar stiftinga sitt firma. Styret kan meddele prokura og spesialfullmakter.
Styret kan tilsetja dagleg leiar. Dersom omfanget av dei oppgåvene som skal utførast av den daglege leiinga tilseier det, kan styret i staden inngå oppdragsavtale med person eller selskap om utføring av oppgåvene som dagleg leiar.
Dagleg leiar står for den daglege leiinga av stiftinga si verksemd,og skal følgja dei retningsliner og pålegg styret har gjeve. Dagleg leiar skal effektuera dei utdelingar stiftinga gjer, og syta for at det blir allment kjent at midlane stammar frå Sparebankstiftinga Etne. Dagleg leiar skal syta for at selskapet sine rekneskap er i samsvar med lover og forskrifter, og at forvaltinga av stiftinga sine midlar er ordna på ein trygg måte. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller har mykje å seia.
Dagleg leiar må ikkje inneha styreverv eller tilsetjing i selskap som konkurrerer med Sparebanken Vest eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Vest.
Generalforsamlinga vel ein valkomité som består av 3 medlemer, inkludert leiar av valkomiteen.
Valet vert gjennomført blant generalforsamlinga sine medlemer. Valet gjeld for 2 år om gongen. Ved skiping av stiftinga vert valkomiteen vald av forstandarskapet i Etne Sparebank. I første periode tenestegjer 1 medlem i 1 år. Det vert avgjort ved loddtrekning kva medlem som skal tre ut. Attval kan finne stad.
Valkomiteen skal førebuval av medlemer og varamedlemer til henholdsvis styret, generalforsamlinga og valkomiteen. Valkomiteen si innstilling skal grunngjevast.
Stiftinga sitt overskot skal disponerast i samsvar med stiftinga sitt føremål, jf. § 1-2 innanfor dei rammer som følgjer av den til ei kvar tid gjeldande lovgjevinga og desse vedtektene.
Underskot, etter styret sine disponeringar, vert dekka først av fri eigenkapital, deretter av grunnkapitalen.
Ved avvikling skal stiftinga sine midlar gå til fremjing av sparebankverksemd og sparebanktradisjonar etter nærare avgjerder tekne av generalforsamlinga.
Som sparebankverksemd vert i denne samanheng også rekna fremjing av Sparebanken Vest si verksemd under føresetnad av at banken driv verksemd i dei distrikta der Etne Sparebank dreiv verksemd tidlegare.
Avgjerd om disponering av stiftinga sine midlar ved avvikling skal føreleggast rette styremakter for godkjenning.