Føremål
Føremålet med finansforvaltninga er å realisere årleg avkastning som gir grunnlag for ålmennyttig verksemd. Sparebankstiftinga sitt hovudføremål er den ålmennyttige verksemda.
Ei føremålstenleg forvaltning av dei midlar Sparebankstiftinga Etne til ei kvar tid disponerer, er avgjerande for at stiftinga skal kunne etterleve sitt føremål på ein god måte.
Generelt
Finansforvaltninga skal innrettast på ein forsvarleg måte. Det skal takast omsyn til både risiko og moglegheitene for å oppnå ei tilfredsstillande avkastning.
Etisk forvaltning
Stiftinga skal ikkje investere i selskap eller liknande, direkte eller indirekte via fond, som utgjer risiko for medverking til korrupsjon, miljøøydeleggingar, krenking av menneskerettar eller andre uetiske handlingar.
Eigedelane til stiftinga er inndelt i følgjande fire kapitalelement:
i. 2.398.146 stk. som vart tildelt ved etableringa den 1.12.2022
ii. Eventuelle tilleggs-investeringar i SVEG’en.
1. Eigenkapitalbevisa i Sparebanken Vest
Ei viktig ramme for finansstrategien er avgjerda om langsiktig eigarskap i Sparebanken Vest. Eigenkapitalbevisa i Sparebanken Vest som vart teikna ved etableringa, skal haldast som ein del av grunnkapitalen.
Stiftinga si grunnkapital er kr 150.000.000.
Eigenkapitalbevis i SVEG som vert erverva etter opprettinga, skal klassifisert som omløpsmidlar, dersom styret ikkje vedtek at dei skal klassifiserast som anleggsmidlar.
Av stiftinga si samla behaldning av eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest, er det berre generalforsamlinga som har rett til å vedta sal av dei eigenkapitalbevisa som kom til ved opprettingaav stiftinga – 2.398.146 stk. Dette krev fleirtal tilsvarande kravet for vedtektsendring i generalforsamlinga. Eventuelt vedtak om sal av desse eigenkapitalbevisa,må også godkjennast av Finanstilsynet før vedtaket kan effektuerast.
Eigarrolla i Sparebanken Vest
Det er viktig å følge opp stiftinga si største investering gjennom aktivt eigarskap og delta i styrande organ der dette er mogeleg og hensiktsmessig (i praksis på generalforsamlinga). I den samanheng vektlegg me at Sparebanken Vest har:
- Effektiv og god drift
- Kontrollert forhold mellom personmarknad og bedriftsmarknad og at banken opererer med relativt låg risiko
Langsiktig og stabilt eigarskap iSparebanken Vest der fremjing av sparebankverksemd på Vestlandet står sentralt,er viktig.
Dersom styret i stiftinga meiner Sparebanken Vest ikkje driv banken i tråd med dei ovanfornemnde punkta, skal ein ta opptil vurdering, og leggje fram for generalforsamlinga, om ein skal selje seg ned og vurdere å investere i andre eigenkapitalbevis.
2. Likvide midlar
Likviditet til ordinær drift
For å dempe effekten av naturlege svingingar i finansielle verdiar og avkastning, skal stiftinga på sikt arbeide for å halde likvide midlar tilsvarande to års normalt forbruk av kapital til driftskostnader. Dei likvide midlane skal ha form av bankinnskot eller andre plasseringar med tilsvarande låg risiko, eksempelvis pengemarknadsfond.
Likviditet til utbetaling av gåver og ålmennyttige investeringar
Likviditet som trengs til utbetaling av gåver og til ålmennyttige investeringar kan vera plassert i andre verdipapir, som kan realiserast i øpet av relativt kort tid, då styret her har kontroll med kva tid ein vel å gjennomføre desse utbetalingane. Desse investeringane skal vera i fondsinvesteringar som har lågare risiko enn aksjefond.
3. Finansielle langsiktige investeringar
Dei finansielle investeringane kan omfatte fondsplasseringar, aksjar og eigenkapitalbevis i andre sparebankar enn Sparebanken Vest. Verdipapir som ein har til hensikt å halde på lang sikt, handsamast som anleggsmidlar.
Fond
Plassering i aksjefond og obligasjonsfond eller tilsvarande instrument gir spreiing av eigarrisiko på fleire selskap. Ein del av dei finansielle investeringane skal difor vera i aksjefond og obligasjonsfond eller tilsvarande instrument, med svært langsiktig tidshorisont.
Vedtak om slike investeringar fattast av styret, som gjev fullmakt til dagleg leiar for effektuering innanfor ei angitt råme.
Investering i aksjar og eigenkapitalbevis:
Ein del av investeringane kan vera i enkeltverksemder. Selskapa skal ha hovudkontor i Noreg og vera notert på Oslo Børs sin hovudindeks. Det skal leggjast vekt på at selskapa vil ha vekstevne og utbytteevne over tid.
Vedtak om slike enkeltinvesteringar fattast av styret, som gjev fullmakt til dagleg leiar for effektuering innanfor ei angitt råme.
Hedgefond eller andre kompliserte produkt:
Investeringar i hedgefond, komplekse derivat eller liknande instrumenter skal ikkje førekoma.
4. Samfunnsnyttige investeringar
Etter vedtak i styret kan stiftinga vedta å investere i eigedelar som ein meiner har samfunnsnyttig interesse og gagnar området stiftinga opererer i, sjølv om investeringa ikkje kan forvente å gi like god avkastning som andre finansielle investeringar. Ein antar då at investeringa vil ha ei samfunnsmessig nytte/avkasting som ikkje kan målast i pengar, men som ålmenta vil ha stor glede av.
Vedtak om slike investeringar fattast av styret, som gjev fullmakt til dagleg leiar for effektuering innanfor ei angitt råme.