Gåveutdeling til ålmennyttige føremål hadde lange tradisjonar i Etne Sparebank. Denne tradisjonen skal stiftinga føra vidare innafor dei rammer som lovverket til ei kvar tid set.
Lovgrunnlag og regelverkfor gåver til ålmennyttige føremål: Lov om finansieringsverksemd(FVL) § 2d-8,3.ledd:
«En sparebankstiftelse kan etter reglene i § 2b-27 benytte årets overskudd til gaver til almennyttige formål, særlig for å fremme utviklingen i områder hvor den kapital som er tilført stiftelsen da den ble opprettet er frembragt, eller til avsetning til et gavefond med samme formål.»
Sparebankstiftinga Etne sine vedtekter § 1-2 har m.a. denne ordlyd:
«Stiftinga skal disponere overskot og gje bidrag til ålmennyttige føremål. Ved deira disposisjonar skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Etne Sparebank.»
Sparebankstiftinga Etne sine vedtekter § 2-3 har denne ordlyd ipkt.8 for generalforsamlinga sine oppgåver:
«Vedta etter forslag frå styret, bruk av året sitt overskot, herunder kor stor del av året sitt overskot som skal brukast til gåveføremål.»
Sparebankstiftinga Etne sine vedtekter § 2-6: Disponeringa av stiftinga sine midlar:
«Styret står for utdeling av gåver innanfor dei rammer som er bestemt av generalforsamlinga om bruk av året sitt overskot. Styret kan overlate til generalforsamlinga å ta avgjerd om utdeling til enkelte gåveføremål»
Lag og organisasjonar og andre aktørar heimehøyrande i og med hovudverksemda si i "gamle" Etne Kommune kan søkja om midlar til prosjekt.
Utdelingar frå stiftinga skal i utgangspunktet skje til mottakarar i «gamle» Etne Kommune, men styret kan også ta til vurdering søknadar frå andre stader i Etne Kommune.
Lag, foreining, stifting eller frivillig organisasjon må vera registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund og ha eige organisasjonsnummer. Det vil og vera ei føremon at søkjarer er registrert i Frivillighetsregisteret same stad.
Det vil ikkje verta gjeve støtte til søknader frå:
Desse kan likevel søkja støtte til ålmennyttig verksemd.
Ved søknader som omfattar offentleg sektor (stat, fylke eller kommune) kan stiftinga støtte nyskapande tiltak og vil vektlegga:
Ved søknadar frå kommersielle aktørar vil stiftinga vektlegga:
Det ein søkjer støtte til, skal vera konkrete tiltak og med klårt uttrykt mål. Gjennomføringsplanen skal ha definert startdato og ferdigstillings-dato.
Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjeve støtte til søknader som:
Sparebankstiftinga har ikkje høve til å delta med sponsormidlar, med krav om gjenyting.
Det er eit mål for Sparebankstiftinga å yta bidrag til eit breitt spekter av ålmennyttige føremål. Likevel kan styret i stiftinga for det enkelte år peika ut bestemte føremål som skal danna grunnlaget for gåveutdelinga.
Gåvesøknader kan sendast inn til Sparebankstiftinga løpande. Styret vil handsame desse på dei etterfølgjande styremøta.
Generalforsamlinga i stiftinga fastset kvart år storleiken på den samla gåvesummen.
Gåvesøkjar søkjer direkte på nettstaden til stiftinga via elektronisk søknadsskjema.
Alle obligatoriske felt i søknadsskjemaet må vera utfylte for at søknaden skal verta handsama. Det vil bli gitt tilbakemelding ved mottak av søknaden dersom det er formelle feil/manglar slik at dette kan rettast.
Det er høve til å leggja ved eigne dokument i pdf eller jpg format i søknadssystemet.
Det er ønskeleg at kommunikasjonen mellom søkjar og stiftinga skal vera via e-post. Det er derfor viktig at søkjar gjev rett e-post adresse.
Søknadene vil bli gjennomgått administrativt og manglar eller uklar informasjon vil bli freista retta i samarbeid med søkjar.
Det vil deretter bli ein gjennomgang av søknadene i styret som avgjer søknadene med gåvetildeling eller vedtek avslag på søknad.
Avslag på søknader vil ikkje bli grunngjeve.
Alle søkjarar får tilsendt skriftleg melding om vedtaket.
Informasjon om kven som er tildelt gåver, vil bli lagt ut på stiftinga si heimeside og elles høvelege media.
Styret kan på eige initiativ tildela gåver utan at det føreligg søknad. Informasjon om slik tildeling vil bli lagt ut på heimesida til stiftinga og/eller anna høvelege media.
Styret vil ved handsaming av kvar enkelt gåvetildeling ta stilling til om heile gåvebeløpet skal betalast ut straks, eller om ein skal dela utbetalinga etter dokumentert framdrift i tiltaket/prosjektet.
Storleiken på gåvetildelinga og kompleksiteten i tiltaket/prosjektet vil telja med i denne vurderinga.
Utbetaling skal i utgangspunktet skje når prosjektet er fullfinansiert.
Kvar søkjar som får gåvemidlar pliktar å sende tilbakemelding til stiftinga på det tidspunkt som styret set i tildelingsbrevet, seinast på det tidspunkt prosjektet er gjennomført eller var planlagt gjennomført.
Storleiken på gåvetildelinga og kompleksiteten i tiltaket/prosjektet vil her telja med på kva form og innhald attendemeldinga skal ha.
Stiftinga ønskjer å gje god informasjon til ålmenta om korleis gåvemidlane vert nytta. Informasjon om kvar enkelt tildeling og informasjon om gåvemottakaren og tiltaket stiftinga har støtta, vil derfor verta lagt utpå heimesida til stiftinga. Det er ønskeleg med gode attendemeldingar, gjerne med bilete frå aktivitetane stiftinga har støtta, slik at dette også kan verta eit utstillingsvindauga både for søkjaren og for stiftinga.
Alle mottakarar skal sende sluttrapport frå prosjektet.
Alle mottakarar skal sende statusrapport når prosjektet går over meir enn 18 månadar.
Dersom prosjektet ikkje er fullfinansiert og påbegynt innan det er gått 24 månadar frå løyvingsdato, står stiftinga fritt til å omdisponere midlane til andre prosjekt. Godt begrunna søknad om utsetjing av denne 24-månadars fristen vil bli vurdert.
Krav til rapportering:
Alle mottakarar skal vera registrert med eige organisasjonsnummer.
Kontonummer forutbetaling skal vera verifisert av bank.
Det er krav om startdato og sluttdato i søknad.
Eventuelle omdisponeringar eller endringar av prosjektet sin sluttdato skal godkjennast av stiftinga.