Plan for realisering av føremålet

Føremålet til Sparebankstiftinga Etne

Alle stiftingar har eit føremål, ei oppgåve som stiftinga skal løyse. Føremålet er vedteke ved opprettinga av stiftinga og er verna av stiftingslova gjennom reglane om omdanning.

Føremålet set råma for styret og andre organ sitt mynde i stiftinga. Stiftinga sitt føremål står i vedtektene til stiftinga, som er registrert i Stiftingsregisteret. Ved tolking av føremålet skal det så langt som mogleg leggjast vekt på kva Etne Sparebank la i føremålet.

Føremålet til stiftinga er angitt i vedtektene;

"Forvalte eigenkapitalbevis tilført ved skipinga og stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Vest. Disponere overskot og gje bidrag til ålmennyttige føremål."

Føremålet er tredelt;

1.     Forvalte eigarskapet, dvs eigenkapitalbevisa tilført ved skipinga og stå for eit stabilt eigarskap i Sparebanken Vest

  • Dette inneber å utøve eit aktivteigarskap i Sparebanken Vest og bygge ei likvid portefølje av andre verdipapir frå mottekne utbytter for å kunne delta på eventuelle emisjonar når bankenskulle trenge kapital.

2.     Forsvarleg forvaltning avkapitalen og disponere overskot;

  • å reinvestere delar av utbyttet i nye eigenkapitalbevis
  • å investere i andre typar verdipapir og plassering i bank
  • Dette inneber å forvalte utbytter utbetalt frå Sparebanken Vest relatert til eigenkapitalbevisa stiftinga eig og forvalte avkastning på andre plasseringar.
  • driftsutgifter, inkludertreservelikviditet til drift

3.     Gi gåver til ålmennyttige føremål

 

 

 Realisering av føremålet

Realisering av føremålet må skje innafor råma av forsvarleg forvaltning. Styret må føreta ei konkret vurdering av stiftinga sitt behov for forsvarleg eigenkapital og likviditet opp mot aktuelle behov for å kunne realisere føremålet på kort og lang sikt.

Vidare må styret også ta omsyn til stiftingslova §19:

 

Plan for realisering av føremålet

For å kunne gjennomføre føremålet på ein god måte er det viktig at styret har ein plan for korleis dette skal gjerast. Ein plan vil sikre notoritet rundt styret sine vurderingar, slik at det vert enklare å dokumentere at styret sine disposisjonar har vore forsvarlege.

Budsjett

Stiftinga må i siste styremøtet før nytt år godkjenne budsjett for det kommande året, slik at ein har ein plan for korleis ein skal nytte stiftinga sine midlar det kommande året.

 

Disponering av overskotet til stiftinga

Det er generalforsamlinga i stiftinga som vedtek disponering av årsoverskotet etter framlegg frå styret, det vil seie avsetjing til gåvefond eller avsetjing som frie midlar til vidare forvalting. Generalforsamlinga kan gi styret fullmakt til disponering av delar eller heile gåvefondet.

 

Ved disponering av resultatet, bør styret vektlegge;

-       Avsetning for det enkelte tildelingsår skjer etter grundig vurdering med utgangspunkt i overskot og rammevilkår.

-       Inntil 1/3 av siste års overskot går til hovudføremålet, dvs. gåveavsetning/-utdeling.

-       I periodar der bokført eigenkapital er lågare enn verdien av opphavlege eigenkapital målt i faste kroner, skal styret utøve særleg varsemd med omsyn til storleiken på avsetninga.

-       det resterande beløp disponerast til finansielle investeringar for å vedlikehalde og sikre grunnlaget for framtidig ålmennyttig verksemd.

 

Øvre råme forsamla utdeling og eventuelt råme for enkeltløyvingar

Styret kan vedta ei øvre råme for kor stor del av overskotet som kvart år skal setjast av til gåvefond /delast ut. Styret kan også vedta ei råme for enkeltløyvingar om ein finn det føremålstenleg.

 

 

Tilleggsdokument for realisering av føremålet

I tillegg til dette dokumentet,er det utarbeidd to tilhøyrande, styregodkjende dokument, som er ein del av denne planen for realisering av føremålet;

1.     Retningslinjer for kapitalforvaltninga

2.    Gåvereglement

Opne vedlegg
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.