Generalforsamlinga i Etne Sparebank vedtok den 23. mars 2022 og etter etter 162 års drift å slå banken saman med Sparebanken Vest. Dette vart gjort ved at sparebankverksemda vart overteken og vidareført gjennom Sparebanken Vest og at Etne Sparebank skipa ei stifting som skal fremje sparebankverksemd i Etne Sparebank sitt marknadsområde gjennom å eiga eigenkapitalbevis og disponera utbytte frå desse til ålmennyttige føremål.
Samanslåinga vart gjennomført den 1. desember 2022. Sparebankstiftinga Etne vart samstundes etablert og mottok då oppgjeret for Etne Sparebank, i form av blant anna eigenkapitalbevis.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.