Retningslinjer for gåveutdelingar

Innhald:

§1 Grunnlag for gåveutdeling

 

§2 Geografisk avgrensing

 

§3 Kven kan søkje

 

§4 Kva kan ein søkje omgåver til – prioriteringar

 

§5 Søknadsprosedyre, vurdering og tildeling

 

§6 Gåvetildeling etter initiativ frå styret

 

§7 Utbetaling avtildelte gåver

 

§8 Attendemelding frågåvemottakar

 

§9 Rapportering av tildelingar

§10 Systemkontroll og rapportering

 

§ 1. Grunnlag for gåveutdeling

Gåveutdeling til ålmennyttige føremål hadde lange tradisjonar i Etne Sparebank. Denne tradisjonen skal stiftinga føra vidare innafor dei rammer som lovverket til ei kvar tid set.

 

Lovgrunnlag og regelverkfor gåver til ålmennyttige føremål: Lov om stiftingar § 19, 1.ledd:

«Utdeling av stiftinga sine midlar vert vedteke av styret. Utdelingane skal vera i samsvar med stiftinga sitt føremål.»

 

Eigedomsstiftinga Etne sine vedtekter § 2 har m.a. denne ordlyd:

 

«Stiftinga har også til føremål ådele ut midlar til allmennyttige føremål i Etne kommune.»

 

§2Geografiske avgrensingar

 Utdelingar frå stiftinga  skal i utgangspunktet skje til mottakarar i Etne Kommune.

  

§3      Kven kan søkja

 Lag, foreining, stifting eller frivillig organisasjon

Lag, foreining, stifting eller frivillig organisasjon må vera registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund og ha eige organisasjonsnummer.Det vil og vera ei føremon at søkjarer registrert i Frivillighetsregisteret same stad.

 

Det vil ikkje verta gjeve støttetil søknader frå:

  • Lukka medlemsorganisasjonar.
  • Politiske parti.

Desse kan likevel søkja støtte til ålmennyttig verksemd.

  

Offentleg sektor

Ved søknader som omfattar offentleg sektor (stat, fylke eller kommune) kan stiftinga støtta nyskapande tiltak og vil vektlegga:

  • Søknader som er av ålmenn nytte.
  • Søknader der det elles er lite truleg at prosjektet vil bli realisert utan gåva frå Eigedomsstiftinga.
  • At gåva utløyser vesentlege offentlege midlar til prosjektet.

  

Kommersielle aktørar

Ved søknadar frå kommersielle aktørar vil stiftinga vektlegga:

  • At søknaden er innanfor prioriterte føremål.
  • At gåva også utløyser vesentleg eigeninnsats og bruk av eigne midlar.

·      At prosjektet som det vert søkt om midlar til, medfører at gåva går til «sluttbrukar» og ikkje er ei gåve til den kommersielle aktøren si drift, dvs. at prosjektet gåva vert gjeven til, skal vera av ålmennnytte.

 

§4     Kva kan ein søkje om gåver til prioriteringar

  • Investeringar, tiltak og prosjekt med varig verdi som kjem mange i lokalsamfunnet til nytte.
  • Prosjekt som bidreg til å skape engasjement og inspirerer til dugnadsvilje.
  • Prosjekt som bidreg til å realisera idear og utløyser gode krefter lokalt.
  • Tiltak som er eigna til å auka trivselenog gjera lokalsamfunnet meirattraktivt å bu i.

 

Det ein søkjer støtte til, skal vera konkrete tiltak og med klårt uttrykt mål. Gjennomføringsplanen skal ha definertstartdato og ferdigstillingsdato.

 

Det vil i utgangspunktet ikkje gjeve støtte til søknader som:

  • Reine driftstilskot .(Løn, husleige og andre driftskostnader).
  • Unntak kan gjerast der stiftinga bidreg i samarbeid med andre, samt har eit tydeleg ålmennyttig føremål.

 

Eigedomsstiftinga har ikkje høve til å delta med sponsormidlar, med krav om gjenyting.

 

Det er eit mål for Eigedomsstiftinga å yta bidrag til eit breitt spekter av ålmennyttige føremål. Likevel kan styret i stiftinga for det enkelte år peika ut bestemte føremål som skal danne grunnlaget for gåveutdelinga.

 

§5 Søknadsprosedyre, vurdering og tildeling

 Gåvesøknader kan sendast inn til Eigedomsstiftinga etter at ein har opna opp for å søkje.

 

Styret i stiftinga fastset kvart år storleiken på den samla gåvesummen.

 

 

Søknadsprosedyre

Gåvesøkjar søkjer med å sende mail til stiftinga på post@ietne.no

 

Det er høve til å leggja ved eigne dokument.

 

Søknadene vil bli gjennomgått administrativt og manglar eller uklar informasjon vil bli freista retta i samarbeid med søkjar.

 

Det vil deretterbli ein gjennomgang av søknadene i styret som avgjer søknadene med gåvetildelingeller vedtek avslag på søknad.

 

Avslag på søknader vil ikkje bli grunngjeve.

 

Alle søkjararfår tilsendt skriftleg melding om vedtaket.

 

Informasjon om kven som er tildelt gåver,vil bli lagt ut på stiftinga si heimeside og elles høvelege media.

 

 

§6 Gåvetildeling etter initiativ frå styret

 Styret kan på eige initiativ tildele gåver utan at det føreligg søknad. Informasjon om slik tildeling vil bli lagt ut på heimesida til stiftinga og/eller anna høvelege media.

 

  

§7 Utbetaling av tildelte gåver

Styret vil ved handsaming av kvar enkelt gåve-tildeling ta stilling til om heile gåvebeløpet skal betalast ut straks, eller om ein skal dela utbetalinga etter dokumentert framdrift i tiltaket/prosjektet.

Storleiken på gåvetildelinga og kompleksiteten i tiltaket/prosjektet vil telja med i denne vurderinga.

 

Utbetaling skal i utgangspunktet skje når prosjektet er fullfinansiert.

  

 

§8 Tilbakemelding frå gåvemottakar

Kvar søkjar som får gåvemidlar pliktar å sende tilbakemelding til stiftinga på det tidspunkt som styret set i tildelingsbrevet, seinast på det tidspunkt prosjektet er gjennomført eller var planlagt gjennomført.

 

Storleiken på gåvetildelinga og kompleksiteten i tiltaket/prosjektet vil her telja med på kva form og innhald attendemeldinga skal ha.

  

 

§9 Rapportering av tildelingar

Stiftinga ønskjer å gje god informasjon til ålmenta om korleis gåvemidlane vert nytta. Informasjon om kvar enkelt tildeling og informasjon om gåvemottakaren og tiltaket stiftinga har støtta, vil derfor verta lagt utpå heimesida til stiftinga. Det er ønskeleg med gode attendemeldingar, gjerne med bilete frå aktivitetane stiftinga har støtta, slik at dette også kan verta eit utstillingsvindauga både for søkjaren og for stiftinga.

 

§10 Systemkontroll og rapportering

Alle mottakarar skal sende sluttrapport frå prosjektet.

Alle mottakarar skal sende statusrapport når prosjektet går over meir enn 18 månadar.

Dersom prosjektet ikkje er fullfinansiert og påbegynt innan det er gått 24 månadar frå løyvingsdato, står stiftinga fritt til å omdisponere midlane til andre prosjekt. Godt begrunna søknad om utsetjing av denne 24-månadars fristen vil bli vurdert.

Krav til rapportering:

  • Søknadar inntil kr 50.000: Kopi av kvitteringar med sluttrapport.
  • Søknadar frå kr 50.000 – 500.000: kvittering og prosjektrekneskap underteikna av søknadsansvarleg og ein til.
  • Søknadar frå kr 500.000 til kr 2.000.000: avtalt kontrollhandling frå revisor eller rekneskapsførar.
  • Søknadar     over kr 2.000.000: krav om full revisjon av prosjektrekneskapen.

Alle mottakarar skal vera registrert med eige organisasjonsnummer.

Kontonummer forutbetaling skal vera verifisert av bank.

Det er krav om startdato og sluttdato i søknad.

Eventuelle omdisponeringar eller endringar av prosjektet sin sluttdato skal godkjennast av stiftinga.

Opne vedlegg