Føremålet til Eigedomsstiftinga Etne
Alle stiftingar har eit føremål, ei oppgåve som stiftinga skal løyse. Føremålet er vedteke ved opprettinga av stiftinga og er verna av stiftingslova gjennom reglane om omdanning.
Føremålet set råma for styret sitt mynde i stiftinga. Stiftinga sitt føremål står i vedtektene til stiftinga, som er registrert i Stiftingsregisteret. Ved tolking av føremålet skal det så langt som mogleg leggjast vekt på kva Etne Sparebank la i føremålet.
Føremålet til stiftinga er angitt i vedtektene;
"§ 2 Føremål
Stiftinga har som hovudføremål å forvalte eigedomsmassen Gbnr 39/33, Gbnr 9/214 og Gbnr 10/57 i Etne kommune ("bankbygget" i Etne) anten sjølv eller gjennom eit underliggande selskap.
Stiftinga har også som føremål å forvalte eventuelle aksjar og andre eigedeler, som tidlegare har vore eigd av Etne Sparebank. Stiftinga kan forvalta eigedelane sjølv eller gjennom eit underliggande selskap.
Stiftinga har også til føremål å dele ut midlar til allmennyttige føremål i Etne kommune.
Dersom stiftinga som følgje av oreigning, sal eller andre forhold ikkje vil kunne eige bankbygget i Etne direkte eller indirekte, skal stiftinga reinvestere eit eventuelt overskot slik at stiftinga framleis kan dele ut midlar til allmennyttige føremål i Etne kommune.»
Føremålet er altså tredelt;
1. Forvalte eigedomsmassen
2. Forvalte eventuelle aksjar eller andre eigedeler som tidlegare har vore eigd av Etne Sparebank
3. Gi gåver til ålmennyttige føremål
Realisering av føremålet
Realisering av føremålet må skje innafor råma av forsvarleg forvaltning. Styret må føreta ei konkret vurdering av stiftinga sitt behov for forsvarleg eigenkapital og likviditet opp mot aktuelle behov for å kunne realisere føremålet på kort og lang sikt.
Vidare må styret også ta omsyn til stiftingslova §19
Plan for realisering av føremålet
For å kunne gjennomføre føremålet på ein god måte er det viktig at styret har ein plan for korleis dette skal gjerast. Ein plan vil sikre notoritet rundt styret sine vurderingar, slik at det vert enklare å dokumentere at styret sine disposisjonar har vore forsvarlege.
Budsjett
Stiftinga må i siste styremøtet før nytt år godkjenne budsjett for det kommande året, slik at ein har ein plan for korleis ein skal nytte stiftinga sine midlar det kommande året.
Disponering av overskotet til stiftinga
Det er styret i stiftinga som vedtek disponering av årsoverskotet, det vil seie avsetjing til gåvefond eller avsetjing som frie midlar til vidare forvalting.
Ved disponering av resultatet, bør styret vektlegge;
- Avsetning for det enkelte tildelingsår skjer etter grundig vurdering med utgangspunkt i overskot og rammevilkår.
- Inntil 1/3 av siste års overskot kan gå til gåveavsetning/-utdeling, gitt at dette er forsvarleg ut frå behovet for kapital til drift av eigedomen.
Øvre råme forsamla utdeling og eventuelt råme for enkeltløyvingar
Styret kan vedta ei øvre råme for kor stor del av overskotet som kvart år skal setjast av til gåvefond /delast ut. Styret kan også vedta ei råme for enkeltløyvingar om ein finn det føremålstenleg.
Tilleggsdokument for realisering av føremålet
I tillegg til dette dokumentet, er det utarbeidd eitt tilhøyrande gåvereglement, som er ein del av denne planenfor realisering av føremålet.