Personvern

Personvernerklæring for Eigedomsstiftinga Etne

1. Innleiing
Eigedomsstiftinga Etne er handsamings-ansvarleg for registrering av personopplysningar i samband med verksemda og realiseringa av føremålet som er å utøva finansforvaltning og eit langsiktig eigarskap i Sparebanken Vest, samt vidareføra sparebanktradisjonar ved å gje bidrag til ålmennyttige føremål lokalt.



Kontaktinformasjon:
Adresse: Sjoarvegen 3, 5590 Etne


E-postadresse: post@ietne.no
Org.nr.: 929 983 874



Eigedomsstiftinga handsamar personopplysningane i samsvar med gjeldande personvern-lovgjeving. Regelverket skal verne deg mot misbruk av personopplysningar.
Eigedomsstiftinga er oppteken av personvernet til personar der Eigedomsstiftinga har registrert personopplysningar.



I hovudsak vil personopplysningar me samlar inn vere namn, kontaktinformasjon og stilling/funksjon knytt til;


  • Tillitsvalde
  • Tilsette
  • Leverandørar
  • Søkjarar om prosjektstøtte
  • Søkjarar om eventuelle stipend

Me handsamar personopplysningar du gjev direkte til oss, til dømes ved å ta kontakt med oss eller ved vitjing på nettsidene våre. Me handsamar ikkje sensitive personopplysningar med mindre me har heimel til slik handsaming i lov, avtale eller at du samtykkjer.



For å sikre at personopplysningane vert handsama på ein trygg og forsvarleg måte har me etablert følgjande retningsliner:



2. Føremålet med handsaminga
For å kunne administrere arbeidet med stiftinga sitt føremål og aktivitetar må stiftinga handsame visse personopplysningar. Me nyttar personopplysningar berre til følgjande føremål:


  • Administrering av tilsette og tillitsvalde
  • Tilsetjingar
  • Utdeling i samband med prosjektstøtte eller eventuelt stipend
  • Samarbeids-organisasjonar


3. Kva personopplysningar vert handsama
Berre personopplysningar som er naudsynte for å gjennomføra føremålet og verksemda.



4. Handsamings-grunnlag
Eigedomsstiftinga har ifølgje personopplysningslova rettsleg grunnlag for å handsama personopplysningar for å kunne gjennomføra føremålet.
Eigedomsstiftinga får samtykke frå personar der personopplysningar er lagra hjå Eigedomsstiftinga, gjennom å oppfylla avtalar med personen, eller ein konkret aksept frå personen, basert på Eigedomsstiftinga sine vilkår for samhandling.



5. Tryggleik
Stiftinga vil kontinuerleg sjå til at personopplysningar ikkje vert misbrukt, og at dei er korrekte.



6. Personopplysningar til tredjepartar
Stiftinga kan gi tredjepartar tilgang til personopplysningar når det er naudsynt for å gjennomføra formålet.
Eigedomsstiftinga inngår datahandsamings-avtalar med underleverandørar som kan få tilgang til personopplysningar. Desse tredjepartane vil ikkje kunne nytta slike personopplysningar til andre føremål enn det som er avtalt med Eigedomsstiftinga.



7. Rettar / innsyn
Personar der personopplysningar er lagra hjå Eigedomsstiftinga, kan krevja innsyn i opplysningane, og krevja retting eller sletting av personopplysningar, inkludert å be om avgrensa bruk av personopplysningar, samt protestere mot bruken av dei.
Personar der personopplysningar er lagra hjå Eigedomsstiftinga, kan be om data-portabilitet, det vil seie at personopplysningar registrert hjå Eigedomsstiftinga kan overførast til ein tredjepart.
Henvendingar om innsyn i kva personopplysningar Eigedomsstiftinga har lagra kan sendast til:
post@ietne.no eller ved å sende brevpost til oss.
Personar der personopplysningar er lagra hjå Eigedomsstiftinga har rett til å klage til Datatilsynet dersom dei meiner Eigedomsstiftinga handsamar personopplysningane i strid med personvernreglane.


8. Oppbevaring og sletting av personopplysningar
Eigedomsstiftinga oppbevarer ikkje personopplysningar lenger enn det som er naudsynt for å administrera og gjennomføra føremålet, med mindre Eigedomsstiftinga etter lov er pålagt å lagre opplysningane.
Dette betyr til dømes at me ikkje vil handsame personopplysningar som vert handsama for å ivareta vår rettferdige interesse når me ikkje lenger kan dokumentere at vår rettferdige interesse veg tyngre enn di interesse. Dette kan til dømes vera fordi behovet ikkje lenger er like sterkt eller fordi opplysningane etter ei tid vert utdaterte.
Personopplysningar me handsamar på grunnlag av å oppfylla ein avtale vil me slette når avtalen er oppfylt og avtaleforholdet er oppfylt, med mindre me har andre lovlige grunnar til å oppbevare opplysningane.
Personopplysningar me handsamar på grunnlag av ditt samtykke vil me slette om du trekk tilbake samtykket og me ikkje har andre grunnar for å handsama opplysningane.
Dersom me handsamar opplysningar for å oppfylle ei rettsleg forplikting vil me slette opplysningane så fort forpliktinga er oppfylt, med mindre me har andre lovlege grunnar for å lagre opplysningane. For å etterleva bokføringsregelverket vil dette innebere lagring i inntil 5 år.

Opne vedlegg
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.