Valmøte

Val av medlemmer til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Etne

I 2024 skal det veljast 2 medlemmer og 1 varamedlem for 4 år til generalforsamlinga.

 

Utdrag frå vedtektene:

Generalforsamlinga skal ha 7 til 9 medlemer og 1 til 3 varamedlemer. Generalforsamlinga si samansetjing skal spegla kundestrukturen i Etne Sparebank som skipa stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytt til Sparebankstiftinga si verksemd.

Medlemene og varamedlemene skal veljast av og blant innskytarar med bustadadresse i det som var Etne kommune før kommunereforma i 1965, og som dei siste 6 månadene før kunngjeringa av valet har hatt innskot i Sparebanken Vest over eit bestemt beløp som vert fastsett av styret i stiftinga (styrevedtak kr 2.500). Ingen innskytar/kundar kan gje meir enn ei stemme.

 

Valkomitèen si innstilling;

Medlemmer av generalforsamlinga:

Asbjørn Moe - står på val - tek attval

Frode Grindheim - står på val -  framlegg til nytt medlem; Sindre Jacobsen

Varamedlemmer av generalforsamlinga:

Sindre Jacobsen - står på val - framlegg til nytt varamedlem; Karsten Strømø Hatteland

Valmøtet vert halde torsdag 14. mars 2024 kl 19.30 i Sparebankstiftinga Etne sine lokaler (møterommet i 2.etasje over Sparebanken Vest – inngang på baksida av bygget).

Påmelding til post@ietne.no

Andre aktueltaker

Ingen fleire aktueltsaker nå.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.