No items found.

Historia - føremål

Generalforsamlinga i Etne Sparebank vedtok den 23. mars 2022 og etter etter 162 års drift å slå banken saman med Sparebanken Vest. Dette vart gjort ved at sparebankverksemda vart overteken og vidareført gjennom Sparebanken Vest og at Etne Sparebank skipa ei stifting som skal fremje sparebankverksemd i Etne Sparebank sitt marknadsområde gjennom å eiga eigenkapitalbevis og disponera utbytte frå desse til ålmennyttige føremål.

I januar 1914 kunne Etne Sparebank ta i bruk det første sjølveigde bygget. Her leigde banken også ut til møtesal til kommunen og rom til kommuneadministrasjonen.

Samanslåinga vart gjennomført den 1. desember 2022. Sparebankstiftinga Etne vart samstundes etablert og mottok då oppgjeret for Etne Sparebank, i form av blant anna eigenkapitalbevis.

Opne vedlegg
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapsler på denne enheten. Cookies blir brukt til å utbedre side navigering, og samle brukerstatistikk for nettsiden for å forbedre innhold og brukeropplevelse. Du kan selv administrere hva du samtykker til ved å klikke på Preferanser. Les vår Personvernerklæring for mer informasjon.